Låge forventningar til samtalar

Dagen før samtalane mellom presidentane Vladimir Putin og Joe Biden, seier Kreml at dei ikkje forventar nokre store gjennombrot.

– Det er vanskeleg å sjå for seg nokre store gjennombrot, seier Kreml-talsperson Dmitrij Peskov.

Han viser til det anstrengde forholdet mellom dei to stormaktene Russland og USA, ifølgje russiske medium.

Det kjem av Ukraina-konflikten og ei rekkje saker der dei to er på kollisjonskurs, og dessutan amerikanske sanksjonar mot Russland.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no