Hopp til innhold

Kreml kritisk til Nato-styrkar i Ukraina

Kreml-talsperson Dmitrij Peskov seier at å sende styrkar inn i Ukraina ikkje er i vestlege land sine interesser. Det melder nyheitsbyrået AFP.

Utsegna kjem etter at Frankrike sin president Emmanuel Macron sa at ein ikkje kan utelukke det å sende europeiske styrkar til Ukraina for å hindre ein russisk siger.

– Moglegheita for at det blir sendt styrkar frå Nato-land er i seg sjølv eit viktig nytt element, seier Peskov.

Talspersonen fekk deretter spørsmål om styrkar frå Nato-land ville innebere ein direkte konfrontasjon mellom forsvarsalliansen og Russland.

– I dette tilfellet må vi nok ikkje snakke om ei moglegheit men om det uunngåelege. Og desse landa må spørje seg om konfrontasjon er i deira og innbyggarane si interesse, seier Peskov.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no