Hopp til innhold

Kraftig jordskjelv og tsunamivarsel på Filippinane

Jordskjelvet er målt til 7, 5 med eit djupn på 32 kilometer, ifølgje det europeiske jordskjelvsenteret (EMSC).

Lokale seismologar på Filippinane seier dei fyrste tsunamibølgene er venta innan midnatt og vil vara i fleire timar, meldar Reuters. Midnatt på Filippinane tilsvarer klokka 17 norsk tid.

Det skal vera snakk om bølger på 1-3 meter over tidevatnet.

Ifølgje senteret fann jordskjelvet stad aust for øya Mindanao som er den neststørste av øyene på Filippinane. Befolkinga på øya tel meir enn 26 millionar menneske.

Eit jordskjelv på nivå sju tilsvarer «skadeleg», medan nivå åtte tydar «svært skadeleg», ifølgje Europeisk Makroseismisk Skala som vert brukt i Noreg.

Varslingssenteret for tsunamiar i Stillehavet melder at større bølger også er venta langs kystområde i Palau, Indonesia og Malaysia.

Japan sender også ut tsunamivarsel, og varslar om tsunamibølger på opp til éin meter som etter målingar skal nå vestkysten av Japan innan 1730 norsk tid.

USAs jordskjelvsenter seier styrken på jordskjelvet i Mindanao ligg på 7, 6. Det har i tillegg kome fleire etterskjelv, med eitt av etterskjelva målt opp mot 5, 8.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no