Hopp til innhold

Konkurransetilsynet tillèt Nordea-oppkjøp av Danske Bank

Konkurransetilsynet har i dag orientert Nordea om at tilsynet tillèt oppkjøpet av Danske Bank si personkundeverksemd. Det skriv Konkurransetilsynet i ei pressemelding fredag morgon.

– Konkurransetilsynet har no vurdert oppkjøpet grundig, og kome til at Nordea sitt oppkjøp av Danske Bank ikkje i betydeleg grad vil hindre effektiv konkurranse i bankmarknaden. Dermed kan oppkjøpet gjennomførast, seier konkurransedirektør Tina Søreide.

Konkurransetilsynet fekk melding om oppkjøpet 3. oktober 2023.

«Bankmarknaden er ein stor og viktig marknad for norske forbrukarar. Det har derfor vore nødvendig å vurdere Nordea sitt oppkjøp av Danske Bank si personkundeverksemd nærare», skriv tilsynet.

Salet vart kjend i juli i år. Huseiernes Landsforbund var da kritisk til salet, og meinte det ville svekke konkurransen i marknaden.

«Velfungerande konkurranse er avgjerande for at norske bankkundar skal betale lågast mogleg rente på sine boliglån. Forbrukarane kan sjølv bidra til at konkurransen fungerer så godt som mogleg ved å vere aktive i marknaden», skriv tilsynet i pressemeldinga fredag.

Danske Bank logo

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no