Hopp til innhold

Kina: Nulltoleranse for separatistar på Taiwan

Kina seier dei ikkje vil tolerere separatistiske aktivitetar på Taiwan, og gjentok at dei vil ta øya med makt dersom det blir nødvendig, melder AFP.

Onsdag la kinesiske styresmakter fram eit dokument der dei gjorde greie for korleis dei ønsker å ta kontroll på Taiwan gjennom økonomiske tiltak og militært press.

Kina meiner øya er ein del av kinesisk territorium, og har trappa opp militærøvingane etter at den amerikanske kongressleiaren Nancy Pelosi nyleg besøkte Taiwan.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no