Kanye West: – Eg ser gode sider ved Hitler
Den amerikanske rapparen Kanye West kom med sjokkerande utsegner i eit intervju med konspirasjonsteoretikaren Alex Jones torsdag.
– Alle menneske har noko å bidra med, særleg Hitler, sa West iført ei svart, heildekkande maske over ansiktet.
Jones, som er kjend for ytterleggåande meiningar, blei tydelegvis sjølv sett ut og prøvde å avfeie somme av kommentarane.
– Eg elskar jødar men eg elskar òg nazistar, sa West til ein forbausa Jones som presiserte at han måtte seie seg usamd i det.
Artisten, som no ynskjer å bli omtala med namnet "Ye", skal ha framført konspirasjonsteoriar om korleis den jødiske statsministeren Benjamin Netanyahu "styrer bankane, historiebøkene og drep folk", ifylgje Independent-avisa Indy100.