– Tragedien i Torpo gav oss ein alvorstung inngang til påskeveka. Det er bra at politi og fagfolk prioriterer arbeidet med dette. Men det er også ei påminning om noko viktig og alvorleg til oss alle, skriv statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i eit innlegg på Facebook.
Politiet trur hendinga i bygda, som ligg i Ål kommune i Buskerud, dreier seg om drap og sjølvmord.
Gjer inntrykk
Støre skriv at hendinga er djupt tragisk for dei næraste og lokalsamfunnet, og at hendinga gjer inntrykk på folk i heile landet. Han sender varme tankar til alle ramma.
Vidare oppmodar han alle om å si frå om ein sjølv treng hjelp eller ser andre som treng hjelp.
Saka er den fjerde med mange døde i same familie i løpet av det siste halvåret. I fjor auka drapstala frå året før, men Kripos seier det er for tidleg å konkludere med at det er ein varig auke i Noreg.
Lære av tidlegare saker
Regjeringa har tidlegare sagt at dei skal setje ned ein partnardrapskommisjon, men tidlegare har det ikkje vore klart når arbeidet til kommisjonen skulle starte.
Støre skriv på Facebook at arbeidet med å finne folk er i gang, og målet er at kommisjonen skal vere i arbeid i år.
Kommisjonens fagfolk skal lære av tidlegare saker for å få betre kunnskap om kva som skal til for å hindre slike hendingar, opplyser Støre.
(©NTB)