Ja til likekjønna ekteskap i Sveits

Over 64 prosent av sveitsarane har i ei folkeavstemming stemt ja til at likekjønna ekteskap kan bli godkjent. Den sveitsiske nasjonalforsamlinga har allereie vedteke ei lov som tillèt likekjønna ekteskap. Men motstandarane av den nye lova klarte å samle inn nok underskrifter til å krevje folkeavstemming om lova.

Sjølv om lova no er godkjent, har ikkje regjeringa bestemt seg for når lova skal tre i kraft.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no