Hopp til innhold

Irland hever minsteprisen for alkohol

Irland innfører minsteprisar på alkohol i eit forsøk på å redusere misbruk og drikking blant mindreårige, skriv Bloomberg.

Minsteprisen er 10 eurocent per gram alkohol på drikkevarer som blir selt i butikkar frå og med i dag. Det betyr at ei flaske vin vil koste minst 7,40 euro, og ein boks øl 1,70 euro. Frå før har Skottland same ordning.

Kritikarar meiner dette vil føre til at fleire reiser over grensa til Nord-Irland, der det ikkje er minstepris på alkohol.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no