Har gjennomført første tilsyn
Inspektør frå Sjøfartsdirektoratet gjennomførte måndag det første havari- og skadetilsynet med hurtigruteskipet MS «Richard With». – Me er berre i startfasen og vil besøka skipet fleire gonger. Årsaka til grunnstøytinga er ikkje kartlagd enno og det vil ta tid før me har svar, seier fungerande kommunikasjonsdirektør Helga Maria Sulen Sund.