Hopp til innhold

Har funne frykta sjukdom i jorda

Det er oppdaga skrantesjuke i ei jordprøve frå villreinområdet sone 2 i Nordfjella. Dette vekkjer stor uro blant forskarane, skriv Jeger.no.

Skrantesjuke (CWD) er ein frykta sjukdom som er 100 prosent dødeleg for hjortedyr.

Dette området ligg mellom området i Nordfjella som blei tømt for villrein i 2017 og Hardangervidda.

Dei nye opplysningane blei presentert for Villreinrådet under fagdagane på Geilo nyleg.

– Det blei gjort positive funn på fire plassar, seier forskar Bjørnar Ytrehus til magasinet.

reinsjakt på Hemsedalsfjellet
Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no