Har blinka seg ut satsingsområde

I talen sin til Arbeidarpartiets landsstyremøte sa partileiar Jonas Gahr Støre at han hadde blinka seg ut seks satsingsområde for ei ny raudgrøn regjering: redusere forskjellar, gjennomføre store utsleppskutt, få fleire i jobb, auke eksporten, trygge dei eldre og sørge for optimisme i distrikta.

Støre har som mål å danne ei fleirtalsregjering med Senterpartiet og SV. Partia skal møte kvarandre til sonderingar på Hurdalssjøen hotell torsdag.

– Vi er i gode samtalar, sa Støre i talen sin.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no