Gir Russland diplomat-ultimatum

Den tsjekkiske regjeringa åtvarar Russland om at fleire russiske diplomatar kan verte utvist, om ikkje tsjekkiske diplomatar i Russland får kome tilbake på jobb. Russland får fram til midt på dagen torsdag før Tsjekkia tar grep, ifylgje regjeringa. Russland kallar ultimatumet for uakseptabelt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no