Foreldra kjenner på ei skuldkjensle

I dag blei mannen som er sikta for drapet på Birgitte Tengs varetektsfengsla i 12 nye veker. Bistandsadvokat Erik Lea seier at foreldra er i sjokk, men at dei er letta om politiet no har rett mann.

– Då får dei endeleg eit svar. Det betyr samstundes at dei har tatt feil av fetteren i alle desse åra. Det utløyser skuldkjensle, rettvist eller urettvist, men dei sit igjen med store spørsmål, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no