Forbode å vere over 4 i Belgia
Nye koronarestriksjonar set forbod mot at belgierane kan samlast i større grupper enn fire. Dei nye reglane som stenger landet ned, gjeld frå i dag og fram til 25. april. Berre butikkar som er definerte som naudsynte, får halde ope, skriv Le Soir.