Fleire dødsfall enn venta i Sverige

Dødsårsaksregisteret i FHI har gjort ei førebels samanlikning av ulike dødsårsaker i Sverige og Noreg sidan 2010. – Talet på døde i Noreg i pandemiåret 2020 var som forventa, men i Sverige var det 6,8 prosent fleire dødsfall enn ein elles kunne rekne med. Når det gjeld utviklinga mellom 2010 og 2019, blei kreft og lungesjukdommar oftare innrapporterte som underliggande dødsårsak i Noreg samanlikna med Sverige, men hjarte- og karsjukdommar sjeldnare, seier overlege Guttorm Raknes i Dødsårsaksregisteret i Folkehelseinstituttet.

Sverige hadde 9441 covid-19-dødsfall i 2020, og Noreg 412. Ved å samanlikne med trenden i dødsratar mellom 2010 og 2019, var det nesten 7000 fleire dødsfall enn forventa i Sverige, skriv FHI.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no