Hopp til innhold

Flaggar med palestinsk flagg

Oslo rådhus flaggar no med Palestinas flagg.

I dag er den internasjonale dagen for solidaritet med det palestinske folket, som markeres av FN kvart år. FN-flagget er også heist. Det vart også flagga med palestinsk flagg utanfor rådhuset den 29. november i fjor.

I tillegg vil Oslo kommune legge til rette for ei minnemarkering for ofra under krigen på Gazastripa seinare i dag.

– Over 5000 barn har mista livet på Gaza dei siste vekene. Som mor kan eg ikkje førestille meg kor vondt det er for palestinske foreldre. Vi flaggar med både FN og Palestina sitt flagg sidan det er FNs dag for solidaritet med det palestinske folk, seier ordførar Anne Lindboe frå Høgre.

Både KrF og Frp var mot heisinga av det palestinske flagget.

Ordførar Anne Lindboe seier ho er opptatt av at Oslo skal vere ein by der alle føler seg trygge.

– Det gjeld både den vesle jødiske minoriteten vår som opplever aukande antisemittisme og trakassering, og det gjeld alle som har bakgrunn frå Palestina. Derfor hadde vi ei minnemarkering for den jødiske minoriteten vår på laurdag og vil ha ein tilsvarande markering for det palestinske folk i dag på rådhuset, seier Lindboe.

– Kvifor var det ikkje noko lyssetting eller flagging for Israel på rådhuset etter terrorangrepet den 7. oktober?

– Terrorangrepet var heilt forferdeleg og det er også grunnen til at vi hadde ei minnemarkering på laurdag der vi minnest dei som mista livet. Så er det ein FN-dag i dag, og då er det også naturleg å flagge for Palestina saman med FN-flagget når vi veit at det er over 5000 palestinske barn som har mista livet dei siste vekene.

– Det er stor interesse for markeringa også utanfor Noregs grenser. Kva er bodskapen din til verdssamfunnet?

– Oslo skal vere ein by der alle føler seg velkomne og alle føler seg trygge. Både den vesle jødiske minoriteten vår og dei som har bakgrunn frå Palestina. Vi prøver å halde saman i ei veldig vanskeleg tid, seier Lindboe.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no