Hopp til innhold

EU og Nato lanserer militær innsatsstyrke for å sikra kritisk infrastruktur

I dag lanserer EU og Nato ei felles, militær innsatsstyrke som skal sikra kritisk infrastruktur i Europa. Det kjem fram i ei pressemelding frå EU-kommisjonen.

Bakteppet for den auka beredskapen er saboteringa av gassrøyrledninga Nord Stream, samt bruk av energi som våpen, skriv Kommisjonen i pressemeldinga.

– Me må styrka motstandkrafta til vår kritiske infrastruktur, og alltid vera klar, seier EU-kommisjonen sin president, Ursula von der Leyen i pressemeldinga.

Von der Leyen og Nato-sjef Jens Stoltenberg annonserte dette samarbeidet den 11. januar. Fredag kjem von der Leyen til Noreg for å ha eit møte med statsminister Jonas Gahr Støre.

Etter krigen i Ukraina har Noreg blitt EUs største leverandør av naturgass. Noregs olje- og gassinstallasjonar er ein del av det nye samarbeidet om samfunnssikkerheita mellom EU og Nato.

Belgium EU Energy, Ursula von der Leyen
Foto: Virginia Mayo / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no