Hopp til innhold

Elbilistar går tomme for straum

Kaoset på E18 gir seg ikkje. Nå får politiet telefonar frå folk i elbil som går tom for straum.

Kraftig snøvær har ført lange køar på vegane aust i Agder i heile ettermiddag og kveld.

Folk NRK har snakka med seier dei har stått nærast heilt stille i fem timar.

Politiet vurderer no fortløpande å setje inn tiltak for å hjelpe bilistar som går tomme for straum. Det kan til dømes vere å setje inn Røde Kors.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no