Hopp til innhold

Egypt tilbyr Syria hjelp etter jordskjelv – første samtale på ti år

President Abdel Fattal al-Sisi i Egypt ringde i dag Syrias president Bashar al-Assad for å tilby støtte etter det katastrofale jordskjelvet, melder nyheitsbyrået AFP. Det er den første samtalen mellom dei to statsleiarane sidan Sisi tok makta i 2014, ifølge egyptiske nyheitsmedium.

Den egyptiske presidenten snakka også med Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan. Ifølge ei utsegn frå den egyptiske presidentkontoret sende Sisi sine djupaste kondolanser til både Assad og Erdogan. Sisi gav også ordre om å senda så mykje hjelp som mogleg til Syria, ifølge talsmann til presidenten Ahmed Fahmy.

Egypt har til forskjell frå fleire andre arabiske land haldt fleire av sine forbindingar i Syria.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no