Hopp til innhold

Dobbeltdrapssikta sin forsvarar: Offera verkar tilfeldige

Forsvarar Anders Bjørnsen for den dobbeltdrapssikta på Otta seier til NRK at det heile framstår som «et utslag av psykisk helse og rene tilfeldigheter».

Det er kjent at den sikta mannen i 40-åra har lengre historikk frå psykiatrien. Mannen har blitt teken hand om av helsevesenet etter hendinga.

– Det har tilsynelatande vore ein vedvarande og nokså konstant kontakt med helsevesenet heilt sidan han fekk første kontakt med dei for meir enn 20 år sidan, seier Bjørnsen.

Det var eit ektepar i 80-åra som blei knivdrepne i heimen sin på Otta måndag kveld. Dei budde i nærleiken av den sikta mannen, men er ikkje i familie med han. Politiet gjekk ut med namna på dei drepne i går.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no