Nest etter meierisamyrke, som var første ute av ”bondesamyrka”, vart "Felleskjøpet" det neste, store samyrkesteget i landsdelen:
Den Vestlandske Felleskjøpsforening vart skipa i 1901. Det markerte ein milepæl i moderniseringa av jordbruket på Vestlandet. No kunne bøndene for alvor leggje om til
maskinell drift utan på verte flådde økonomisk.
Felleskjøpet gjorde det nemleg mogeleg for bøndene å oppnå gode rabattar på landbruksmaskiner, gjødsel og andre driftsmidlar gjennom eiga forening. Tidlegare måtte dei stå med lua i handa og betale det Bergens-kjøpmennene fann det for godt i forlange.
Ei av dei store forretningane innan landbruksmaskiner i Bergen på 1800-talet var Knut Skurtveit - eit firma som har eksistert fram til i dag, og som også har hatt avdelingar i Sogn og Fjordane.
Ein av dei fremste landbrukspolitikarane tidleg på 1900-talet,
Anfin Anfinson Øen, fødd i Hyllestad og lensmann i Vik, var ein av skiparane og styreformann i felleskjøpet dei 11 første åra.
"Felleskjøpet"
Samyrkeorganisasjonen endra seinare namn til "Vestlandske Kjøpelag", og seinare igjen til "Felleskjøpet Vestlandet".
I siste halvdel av 1900-talet bygde Kjøpelaget/Felleskjøpet ut store lager og forretningsavdelingar i Sogn og Fjordane:
I 1949 etablerte laget avdeling i Florø, og bygde mjølblanderi og kraftforlager der i 1954. Frå 1967 bygde laget fleire kornsiloar på 50 meters høgde i kystbyen.
Skei i Jølster fekk Felleskjøp-avdeling i 1969. Denne avdelinga sel landbruksmaskiner, og vart sterkt utvida med nybygg i 1999. Sogndal fekk Felleskjøp-avdeling i 1986, og FK-butikk vart opna på Øyrane i Førde i 1998. I Førde bygde laget ny, stor butikk i 2003.
I 1999 slo Felleskjøpet Vestlandet seg saman med tilsvarande organisasjon på Austlandet til Felleskjøpet Øst Vest.