Den viktigaste samyrkeorganisasjonen for bøndene på Vestlandet, vart Vestlandske Salslag, som vart skipa i 1920.
Opptaket til dei første bondeigde fellesslakteria vart gjort på Austlandet på 1880-talet, men det første som hadde noko omfang, var Kristiania Svineslakteri som vart skipa i 1890. På Vestlandet var Ålesund først ute med Møre og Rauma Slakteri, bygt i 1899, men lagt ned i 1905.
Vestlandske Salslag vert skipa
Opptaket til det som seinare vart Vestlandske Salslag vart gjort i 1916, men det gjekk treigt fordi bøndene ikkje kunne godta vilkåra om leveringsplikt til laget.
Det var først då Førde-mannen
Olav Karstad vart Vestlands-sekretær for Bondelaget at det vart framdrift i saka: Han la ut på talarferd for å overtyde bøndene om føremonene ved laget - som ikkje berre kravde leveringsplikt av dei - men samstundes gav dei rett til å bli av med alt kjøtet gjennom laget. - Altså både føremoner med "leveringsrett", men også "ulemper" ved å godta leveringsplikt i staden for å spekulere i leveransar til den som baud mest for varene.
Dette løyste knuten, og den 12. august 1916 møttest 120 utsendingar i Bergen for skiping av Vestandske Salslag. På kort tid tok VS kontroll over storparten av kjøtomsetninga i landsdelen.
I den første tida vart laget også kalla "bondesamsalet". Frå 1920 til 1969 dreiv VS engrosomsetnaden av slakt i Bergen frå Bergen Komm. Slaktehus A/S. Frå 1969 har dette skjedd frå laget sitt eige anlegg i Eidsvåg.
Slaktinga vert organisert
Den første organiserte slaktinga som VS stelte i stand i mellomkrigstida, var slaktelag som kom i gang frå 1923. VS lærte opp lokale slaktarar som reiste frå gard til gard og slakta "på gamlemåten". På det meste var det 60 slike slaktelag i drift på Vestlandet.
I einskilde bygder vart slaktinga samla i enkle, små "slaktehus" som t.d. ved dampskipskaia på Steinen i Førde.
Dei første slaktehusa
Det første VS-slaktehuset av noko storleik vart bygt i Øystese i Hardanger i 1930. I ein landsplan frå Norges Kjøtt og Fleskesentral i 1934 vart det lagt opp til bygging av sesongslakteri i Flåm, Lærdal, Førde, Eid, Etne og Kvinnherad. Slakteria i Lærdal og Flåm kom i drift i 1935-1936, Førde i 1941, men krigen og endra planar sette ein førebels bom for noko slaktehus i Eid. I Nordfjord vart i staden det første mellomstore slakteriet bygt på Sandane i 1958. Dette vart gjort av taktiske grunnar for å demme opp for private slakteriplanar i distriktet.
Regionslakteria kjem
Men slakteriet på Sandane fekk kort levetid, og vart lagt ned etter berre 6 års drift fordi ideen om store regionslakteri no gjorde sitt inntog.
Det første av desse store slakteria var
Sogn Slakteri, som vart bygt i Sogndal i 1956.
Nordjord Slakteri vart bygt på Nordfjordeid i 1963 etter hard lokaliseringsstrid med innfjordingane, som braut ut og bygde sitt eige
Nordfjord Kjøttindustri (Nordfjord Kjøtt).
Regionslakteri Sunnfjord
Sunnfjord fekk sitt regionslakteri i Førde i 1964 - også her etter lokaliseringskamp mot Dale.
Storslakteri for heile fylket
Fram til 1980-talet var slakteristrukturen i Sogn og Fjordane uendra. Men etter ny og hard strid vart det vedteke å byggje storslakteri på Reset i Førde, no:
Vestlandske Salslag i Førde. Dette stod ferdig i 1984 og tok over mykje av slaktinga og produksjonen frå regionslakteria i Sogndal og på Nordfjordeid. Begge desse slakteria har sidan vorte gradvis nedtrappa. Nordfjord Slakteri mista den siste produksjonen av spekemat og pinnekjøt i 2003 og vart lagt ned, medan Sogn Slakteri framleis har produksjon av ein del spekematprodukt.
Vestlandske Salslag vert Gilde Vest
Men også det relativt nye storslakteriet i Førde har fått merke den hardhendte rasjonaliseringa og sentraliseringa: I 2000 mista anlegget den viktige kjøtkakeproduksjonen, og fekk redusert bemanning.
Kring 1990 gjekk Vestlandske Salslag bort frå å marknadsføre produkta sine under VS-logo og gjekk over til den nye logoen for Norsk Kjøtsamvirke; Gilde.
I 2002 gjekk Vestlandske Salslag inn i Gilde-konsernet. Dette vert sentralt styrt frå Oslo, men har eit hovudstyre som også har fast representant i dei lokale styra - m.a. for Gilde Vest. Gilde-konsernet omfattar elles Gilde Felleslakteriet og Gilde Hed-Opp - begge på Austlandet - Gilde BS (tidlegare Bøndenes Salgslag) i Trøndelag, og Gilde NNS (tidlegare Nord-Norges Salgslag).