|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Luster: Statkraft med regionadministrasjon i Gaupne | (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Sidan 1954 hadde Statkraft vore engasjert i Sogn - først ved den store utbygginga av Vikfalli i Vik. Der vart kraftanlegga bygde ut i fleire etappar fram til 1967. Styringssentralen for Vikfalli låg då i Vik. Publisert 15.10.2003 15:20. Oppdatert 19.11.2003 11:55.I 1987 slo Statkraftverk saman administrasjonen og styringa av Vikfalli med anlegga sine i Leirdøla og Jostedalen til Breheimverkene, som fekk administrasjonskontor og styringssentral i Gaupne.
DelingI 1992 vart Statkraft gjort om til såkalla statsføretak, og produksjonsdel og nettdel vart delt. I eit par års tid etter omskipinga administrerte Breheimsverkene i Gaupne kraftverka som selskapet eigde i Luster, medan Vikfalla vart styrde frå ein sentral i Sauda.
Statkraft Region Midt-NorgeI 1994 vart så Statkraft Region Midt-Norge skipa med hovudkontor i Gaupne, leia av regiondirektør Dag Smedbold. Dette kontoret har styringsansvaret for alle Statkraft sine kraftanlegg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal - herunder vindmølleparken på Smøla og store kraftanlegg kring Sunndalsøra og Trollheimen lengst i nord. Frå 1998 kom også kraftstasjonane i Høyanger under Statkraft-kontoret i Gaupne.
Regionkontoret i Gaupne sysselset i 2003 40 personar, og i Region Midt-Norge er det 120 årsverk.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|