SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Vik:

Vikfalli


Publisert 17.12.2001 10:45. Oppdatert 14.08.2002 11:01.

Problem for Sognekraft

Det interkommunale kraftselskapet L/L Sognekraft vart skipa i 1947 med seks kommunar i midtre og indre Sogn som eigarar. Planen var at selskapet skulle kjøpe svært billeg straum i Årdal, og seinare byggje ut eit større kraftverk i Årøy i Sogndal. Årøy-verket skulle så overta forsyninga av indre Sogne-bygdene frå 1953. Men ein hard strid kring kraftrettane i Årøy (sjå: Kraftubygginga i Sogndal) gjorde at det drog ut.
Sognekraft-samarbeidet stod i stampe. Selskapet hadde kjøpt inn over 2400 stolpar. Dei vart liggjande ubrukte.
Det skulle ta 10 år frå Sognekraft vart skipa til selskapet kunne levere straum frå eigne kraftverk - og dei kom i Vik.

Kraft frå Vik

Medan kommunane på nordsida krangla og ikkje kunne samle seg, tok vikjene til å sjå seg rundt etter andre måtar å løyse kraftkrisa på.
I NVE sat den utflytte vikjen Olav Seim. Han vart oppsøkt av folk frå det lokale kraftlaget i Vik, som ville drøfte utbygging i dei store vassdraga på Vikafjellet. Dette vart opptakten til den storfelte utbygginga av Vikfalli på 1950- og 1960-talet.
Sognekraft vart kopla inn, og vedtaket om kraftutbygging vart gjort i 1952.

Fallrettane

Men før ein kom så langt, måtte Sognekraft ut med ein kvart million kroner for å få hand om fallrettane, som var på bergenske hender. Bergens Kreditbank var den største eigaren, og eigaren av Framfjord Talcmill (sjå: Talkgruvene i Framfjorden), skipsreiar Jakob Kjøde, eigde store fallrettar i Arnafjord-vassdraga.
Fallrettane som var med i den første konsesjonen frå 1957, vart formelt overtekne av kommunen og fylkeskommunen som leigde dei ut til Sognekraft. Med denne ordninga sat Sognekraft berre med bruksrett i 50 år, noko som Statkraft mislikte då dei seinare kom tungt inn som partnar i Vikfalli.

Stort anlegg

Utbygginga starta i 1954 med selskapet Bro Bane Bygg som entreprenørar. Den første krafta frå "Refsdal I" kom på nettet i 1958.
Vikfalli vart i åra fram til 1967 bygd ut i fleire etappar, og gav arbeid til fleire hundre mann. Utbygginga førde til at Sognekraft la hovudadministrasjonen sin til Vik.

I tillegg til alminneleg forsyning i Sognekraft sitt område, har krafta frå Vikfalli gått til aluminiumsverket i Årdal og inn på det vestlandske samkøyringsnettet.
På same vis som t.d. Davik kommune måtte gjere i samband med Ålfot-utbygginga (sjå: Ålfotsaka), måtte vertskommunen Vik no garantere å kjøpe ein stor del av krafta frå verket. Når linenettet i Vik ikkje var godt nok, og kraftsalet dessutan var mindre enn venta fordi mange i Vik fekk frikraft, kom Vik kraftlag i ei hard likviditetskrise.
I samband med utbygginga, vart m.a. Muravatnet regulert med ein demning som er 79 meter høg og 260 meter lang. Det gjekk med kring 1 million kubikkmeter masse i Muravassdemningen. Magasinet bak rommar 13,5 millionar kubikkmeter, og frå magasinet går vatnet i ein 8 kilometer lang tunnel til kraftstasjonen på Målsete.

Samarbeid med Statkraft

Frå 1962 skjedde utbygginga av Vikfalli i samarbeid mellom Statkraft og Sognekraft, med ei fordeling på 70 prosent på Statkraft og 30 prosent på Sognekraft. Ein viktig grunn til dette var at Sognekraft fekk problem med å finansiere ei så stor utbygging åleine. Dessutan ville ei så stor utbygging produsere mange gonger så mykje kraft som Sognekraft-distriktet hadde trong for til alminneleg forsyning.
Engasjementet i Vikfalli var det første utbyggingsprosjektet som Statkraft engasjerte seg i i Sogn og Fjordane. Seinare kom Statkraft inn i Leirdøla og Jostedøla i Luster (sjå: Kraftutbygginga i Luster), men måtte sjå at kraftplanane i Breheimen mot Stryn vart lagde bort fordi vassdraga der vart verna.
Ein av grunnane til at Statkraft engasjerte seg så sterkt i Vik, var truleg at BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap) var ute etter å sikre seg fallrettar i den delen av Stølsheimen som høyrde til Vik og Voss. Alliansen Sognekraft/Statkraft hindra BKK-ekspansjonen nordaustover.
I seinare utbyggingsrundar i Vikfalli vart områda austover mot Fresvikbreen regulerte.

Tørrlagd lakseelv?

Statkraft ynskte opphaveleg å byggje kraftstasjon heilt nede ved sjøen på Vikøyri. Etter først å ha røysta for, gjekk Vik kommunestyre i 1964 imot denne planen, for det ville turrleggje lakseelva Vikja. Kraftstasjonen vart difor bygd på Hove lengre oppe i dalen, og gav dermed kring to kilometer lakseførande elv nedanfor.

Krafta over fjorden

Men skulle Sognekraft oppfylle oppgåva si og forsyne alle eigarkommuane i midtre og indre Sogn med straum, så måtte selskapet dei få krafta nordom Sognefjorden.
I Nordfjord hadde det skandaleombruste Ålfotselskapet (sjå: Ålfotsaka) løyst dette i 1922 ved å byggje til då verdas lengste kraftspennn over Nordfjorden ved Bryggja.
No sto ei endå større teknisk utfordring for tur - å krysse den halv mil breie Sognefjorden. Staden ein valde seg ut var frå Rabnaberg aust for Borlaug på sørsida, og Fatlaberget aust for Hermansverk på nordsida. I 1955 vart dei fire kablane strekte.I direkte line er det 4.890 meter over frå mast til mast. På Fatlaberg står mastene 780 m.o.h. - på Rabnaberg 480 m.o.h. Kvar kabellengd er 5.050 meter, og midtfjords er den frie høgda mellom sjøen og spennet 68 meter. Fjordspennet stod ferdig i 1955, og lenge var dette verdas lengste luftspenn. Selskapet Betonmast stod for bygginga. Strekket av dei fire kablane var unnagjort på 20 dagar.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no