Ein av dei første kraftstasjonane som vart bygt i Sogn og Fjordane, var det vesle anlegget som
A/S Sogns Iscompagni i Skjolden bygde i 1900 for å skaffe elektrisk lys til anlegget sitt. Kraftstasjonen var i drift til 1917.
|
Den verna kraftstasjonen ligg like ved taubanen som går opp til Harastølen og det som var Lyster Sanatorium. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Først straum til sanatoriet
Ved Døsjaelvi i Luster vart det i 1901 bygt eit likestraumskraftverk av St. Jørgens Stiftelse som same året hadde opna det store Lyster Sanatorium på
Harastølen. Kraftstasjonen forsynte det digre sjukehuset med elektrisk kraft - og krafta vart brukt berre der. Det skulle nemleg gå 14 år før resten av bygda nede ved fjorden fekk elektrisk lys. Det skjedde først då Luster Kraftlag med ein aksjekapital på 45.000 kroner i ryggen bygde ein kraftstasjon i den same elva. Denne gamle kraftstasjonen er teken vare på og verna.
Andre småkraftverk i Luster
I 1918 bygde Sølfest Skagen eit lite kraftverk Skagen øvst i Fortunsdalen.
I 1919 bygde L/L Sogns Elektrostaalverk ein kraftstasjon i Fortun - sjå:
Industridraumar i Fortun. Stasjonen vart demontert i 1944.
Olav Listou bygde kraftverk ved Kolstadelvi i Dalsdalen i 1922. I den same elva bygde Luster kraftlag ein større stasjon i 1939 på Sage som forsynte bygdene kring inste Lustrafjorden fram til Sognekraft tok over forsyninga av distriktet. Her vart det bygt ny og mykje større kraftstasjon i 2002.
Jon Nes bygde kraftverk i Maraelvi i Marifjøra i 1928 og dreiv det fram til 1943. I 2000 bygde Per Jarle Molland eit minikraftverk på same staden.
Th. Fortun og ein del andre i Kroken bygde kraftverk ved Krokaelvi i 1933 for 20 abonnentar.
25 husstandar i Nesgrendi i Veitastrond gjekk saman om eit kraftverk i Røytevikselvi i 1936.
Ivar Berge og fleire bygde kraftstasjon i Feigum i 1940.
Nils og Per Yndesdal bygde kraftverk Yndesdalselvi i 1942.
20 husstandar i Veitastrond bygde kraftverk i Langedøla i 1945.
Nils Hess Kvam på Hafslo bygde kraftverk i Grøndøla på Kvam i 1945.
Lars Bakken i Jostedal bygde kraftverk i Jostedalen i 1946. Same året vart Jostedal Kraftlag skipa, men dalen fekk ikkje ålmen kraftforsyning før i 1958.