|
Bunker på Risenes. Foto: Kystartilleriet, frå boka "Kysten er fronten". |
Ei mil vestanfor torpedoanlegget og festninga i Rutledal vart fortet på Risenes bygt i 1942. Dette fortet ligg vestanfor Sygnefest, og vart difor meir eigna til å dekkje trafikk i kystleia enn forta Nesje og Rutledal lengre inne.
På Risenes fekk fire familiar berre tre dagar på seg til å kome seg vekk frå eigedomane sine før tyskarane tok over husa. Tre familiar flytta til Fallebø, medan den fjerde budde i skulehuset på Sygnefest. Også husdyra måtte dei ta med seg.
Fortet vart utstyrt med m.a. fire franske 105 mm kanoner som kunne skyte 16.000 meter, to russiske 88 mm luftvernkanoner og ein del mindre kanonar og mitraljøser til nærforsvar. Eit par store lyskastarar kunne sveipe vidt utover Sognesjøen.
Mannskapet på 104 mann var innkvarterte i gardshusa og i brakker kring leiren, som var verna med piggtrådsperringar og 2.752 landminer. Etter at norske MTB-ar øydela vaktstasjonen på Oddenova i ytre Solund (sjå:
Invasjon og vaktpostar) i februar 1943, budde soldtane derfrå ei tid på Risenes-fortet.
Tyskarane bygde på fortet heilt til krigen var slutt. Såleis var det 50 tyske anleggssoldatar og seks nordmenn i arbeid med nye fjellanlegg så seint som i april 1945.
Fortet på Riseneset vart lagt ned like etter krigen og kanonane fjerna i 1946.