Familien Wergeland frå Steine lengst sør i Gulen kommune har bygt opp den største industriverksemda i kommunen. I 2002 sysselset konsernet 150 personar, derav 130 i Gulen kommune.
Sandtaket la grunnlaget
Det starta med bonden
Trygve H. Wergeland i 1955: På garden på Steine ved Halsvik var det gode sandforekomstar, og i 1955 starta han sandtak og produksjon av blokkstein. I 1964 starta han produksjon av sementrøyr, vegsikringar og andre såkalla "kommunalvarer". Dei tre sønene Hans, Trygve og Steinar og dei tre døtrene Haldis, Målfrid og Vigdis vart alle tilsette i fabrikken. Hans Wergeland overtok som dagleg leiar då grunnleggjaren gav seg. I 1979 starta verksemda produksjon av takstein og utvida til 30 tilsette.
Flytting til Sløvåg
Frå 1987 har Wergeland flytta det meste av produksjonen sin til Sløvåg: Her vart ein ny taksteinfabrikk teken i bruk i 1990. I 1992 opna dei eit behandlingsanlegg for oljeholdig avfall i Sløvåg, og i 1994 starta selskapet eit av dei største steinknuseverka i Nord-Europa i Sløvåg. Herfrå vert det eksportert knust stein til dei fleste land i Nord-Europa.
I Sløvåg driv Wergeland også eit stort betongblanderi. Forutan farga takstein, produserer dei også eit stort utval betongartiklar til offentleg sektor og byggebransjen.
Wergeland-familien har eigarskap og kontroll med den allsidige verksemda gjennom Wergeland Holding AS.
Skipsverft, hotell og ferjedrift
I 1996 overtok Wergeland Holding det konkursråka skipsverftet
Solund Skips Service AS (Stad Trading) i Solund, og i 2001 fekk Wergeland Halsvik AS konsesjon på drift av kabelferga "Fjon M" over det 700 meter breie sundet mellom Duesund og Masfjordnes ved munningen av Masfjorden.
I 1999 vart Wergeland Eiendom AS eigar av
Eivindvik Hotell.