Museet forvaltar m.a. ei samling på kring 50 båtar.
Heilt frå 1950-talet har det vore arbeidd aktivt for å få reist eit fiskeri- og kystmuseum i Florø. Seint på 1970-talet regulerte kommunen eit strandområde på 74 dekar som kystmuseet vart bygd på. Bak museet står fylkeskommunen, kystkommunane og ei rad fiskarorganisasjonar og andre lag. Sunnfjord Høgeskulelag (sjå
Fiskarfagskulen i Florø) var mellom skiparane, og skaut pengar frå sal av Høgskuleheimen i Florø inn i museet.
Samlinga spreidd på fleire kommunar
I tillegg til store samlingar i hovudanlegget i Florø, har Kystmuseet ansvaret for m.a. bygningar og samlingar i Kalvåg (sjå
Fiskarfagskulen i Florø) og på
Handelsstaden Vågsberget.
Fartøyvern
Museet er også m.a. knytt til vern av galeasen "Svanhild" frå 1889, som var på jordomsegling 1985-1989 med
Oddbjørn Hovland som skipper, sognejekta "Svømmianna", fiskebåten "Helgaskjær" frå 1917 og den tidlegare Fylkesbaaten "Atløy" frå 1932.
(Om båtmuseum – sjå også
Gloppen kommune (Holvikejekta),
Sogndal kommune (Sognefjord båtmuseum) og
Vik kommune (båtmotormuseum).
I 2007 gav biletkunstaren
Bjørn Hegranes eigedomen Jotunet ved Storåsen i Florø til Kystmuséet. Gåva omfatta fleire antikke bygningar og ei stor samling måleri og grafikk.
|
Den tidlegare Fylkesbaaten "Atløy" frå 1932. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK) |