Han bad om støtte frå kystkommunane. I 1920 gjorde fylkestinget vedtak om å skipe skulen, men det vart som vanleg strid om stadvalet. Alternativa til Florø var Måløy, Bremanger og Askvoll.
Florø fekk tilslaget
Florø kunne tilby høvelege lokale i det nedlagde "
Fiskarsjukehuset", og fekk tilslaget. Skulen starta i 1921 med 26 elevar, som vart underviste i navigasjon, motorlære og fiskerifag i tilleg til ålmendannande fag. Ragnvald Torvanger frå Bremanger var første styrar.
|
Samling til kaffipause på Fiskarfagskulen i Florø på slutten av 1920-talet. (Foto © Fylkesarkivet) |
Ny lokaliseringsstrid
|
Fylkesfiskarskulen på midten av 1930-talet. (Foto © Fylkesarkivet) |
Då Røde Kors i 1924 kravde bygningen til sjukehus, blussa den gamle lokaliseringsstriden i fylket opp att. Difor vart Sunnfjord Høgskulelag skipa som eit lokalt forsvarsverk mot at Florø skulle miste skulen.
Laget fekk som oppgåve skaffe Fiskarfagskulen lokale. Dei kjøpte den gamle doktorbustaden ovanfor Fugleskjærskaia. Her heldt skulen til fram til 1936, då den flytta tilbake til den gamle bygningen. I 1924 vart Nils Engja tilsett som styrar, ei stilling han hadde fram til 1947.
Jenter slapp til
Frå 1930 var det kurs både for gutar og jenter. I 1947 overtok staten Fiskarfagskulen, som var i drift til 1963. Då hadde søkjartalet kome under 25, som var minimumsgrensa.
Skulen vart kafé
Etter at skulen var nedlagd, dreiv Sunnfjord Høgskulelag ei tid kafé og pensjonat i den gamle doktorbustaden under namnet "Høgskuleheimen" til 1975. Bygget vart rive i 1977 for å gje plass til stasjonsanlegga til Firda Billag, og Sunnfjord Høgskulelag skaut pengane dei fekk som oppgjer inn i det nye Kystmuseet (sjå
Kystmuseet for Sogn og Fjordane).
Frå overgangen til statleg fiskarfagskule i 1947, dreiv den gamle styraren Nils Engja i nokre år ein folkehøgskule i Florø under den gamle nemninga fylkesskule.