|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Årdal - Alcan og Hydro: FluorkatastrofenMangel på reinseanlegg gjorde at mykje av barskogen i Årdal vart sterkt skadd av flourutslepp då aluminiumsverka vart sette i drift etter 2. verdskrig. Til og med kjempefuruene i Vettismorki veikna og visna. Publisert 17.12.2001 12:20. Oppdatert 08.06.2006 13:55.LYD OG VIDEO
I 1949 engasjerte bønder i Utladalen og Moadalen advokat. Dei hadde registrert skader på "såvel kreaturer og vegetasjon, herunder også barskog". Dyra var så elendige at dei måtte køyrast med lastebil til fjellbeita. Kyr og andre klauvdyr fekk store skader på skjelett og tenner. Dei hadde fluorforgiftning. Fluorskadane i Årdal vekte oppsikt i rikspressa, og saka kom opp i Stortinget. Bøndene gjekk til sak. Dommen fall i 1952: Trass i at generaldirektør Aage W.Owe og resten av leiinga lenge nekta for at dei var skuld i tragedien, måtte ÅSV ut med ein halv million kroner i erstatning pluss sakskostnader.
| Årdal Verk i 1960. Foto: Verksposten, utlånt frå Årdal Sogelag. |
Ny rettssak Verket monterte reinsefilter som dei hevda tok bort 92 prosent av fluoren, men kontrollar viste noko anna, og i 1955 vart det ny rettssak. Dir. Owe meinte at industrien hadde gjeve Årdal fleire goder enn ulemper, og slikt måtte årdølene tole! Men på ny tapte ÅSV, og måtte ut med 1,5 millionar denne gongen.
Det gjekk kring 40 år før aluminiumsverket fekk installert så gode reinseanlegg at fluoren ikkje lenger gjorde skade på barskogen. Ein stor del av røyken vert no reinsa i eit såkalla tørrenseanlegg der aluminiumsoksid vert nytta for å samle opp fluor, som vert ført tilbake til smelteprosessen. Det som vert att, vert sendt gjennom eit "våtrenseanlegg" der ein nyttar lut for å trekkje ut resten av fluoren og andre gassar. Men reinseanlegga kan framleis ikkje fange opp alt, og verket har løyve til å sleppe ei viss mengde fluorid og klimagassar ut i lufta. Verksemda har fått særskilde pålegg om å kartleggje utslepp av det fårlege stoffet PAH.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|