|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Årdal: Steinindustrien i Ytre OfredalKristian Offerdal f. 1873 frå Feios kom til Årdal i 1909 og starta landhandel i Øvre. I 1911 startar han steinbrot og steinhoggeri på granittførekomstane i Ytre Ofredal. Han hadde kontakt med ingeniør Mandrup Abel som arbeidde ved Tyin-anlegga. Mandrup var medeigar i Oslo-selskapet A/S Kvit Granit, og hjelpte Offerdal i gang. Publisert 04.12.2001 15:12. Oppdatert 21.12.2001 13:38.Kristian Offerdal engasjerte steinhoggarar frå Bergen og Østfold og bygde brakke og kai. I tillegg dreiv han uttak av labradorstein i Aurland i samarbeid med sambygdingen Mattias Asperheim. Offerdal selde i 1917 steinbrotet og vart disponent for Lerums Saftfabrikk i Kroken i Luster.
Sogn Steinindustri A/S tok over granittbrota, og bygde i tida fram til 1926 48 meters kai med store kranar, brakker som kunne husa 44 mann, og smie og bustad for arbeidsformannen. Dei engasjerte steinhoggarar heilt frå Sverige då drifta gjekk på det beste. I 1924 til 1926 dreiv selskapet også brot i Vikastrondi. Sogn Steinindustri la ned drifta i 1940.
I 1953 var Sogn Steinidustri i realiteten konkurs, og vart seld til holdingselskapet A/S Aurland som var eigd av Mowinkels Rederi i Bergen. Same året kjøpte den tidlegare arbeidsformannen Jakob Lemvik steinbrotet og anlegga i Ytre Ofredal. Han hadde i 20 år drive sitt private vesle steinhoggeri på Vikastrondi. Han leverte m.a. stein til Aberdeen og Bergen.
I 1962 leigde Lemvik steinbrotet bort til Kjell Magnus Steinsvik frå Molde. Steinsvik dreiv Hustad Kalk- og Marmor ved Hustadvika. Saman med Norway Stone A/S skipa han selskapet Sognegranitt A/S som dreiv i Ytre Ofredal i 3 år. Bak Norway Stone stod skipsreiar Sigval Bergesen, og i 1966 vart det investert 3 millionar kroner i steinindustrien i Årdal. Fleire kjende bygningar i Oslo sentrum fekk i denne tida fasadesteinen frå Ytre Ofredal, mellom andre Grand Hotel.
På 1980-talet vart det i ein kort periode drive sandtak i Ytre Ofredal.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|