Årdal Koparverk som var i drift i vel 50 år i Øvre Årdal frå 1702, hadde eigne føringsbåtar for m.a. trekol over Årdalsvatnet. Dette var romslege robåtar med opptil 5 årepar.
Fardalsvegen i Øvre Årdal vart opna i 1921, og vart forlenga frå øvste garden Åbøle med bomvegen over til Turtagrø i Luster i 1970.
Vegen Øvre Årdal - Valdres over Heirsnosi vart opna i 1934.
Veg til Utladalen
Veg frå Farnes i Øvre Årdal opp Utladalen vart bygd i 1883. Vegen vart m.a. brukt som skyssveg for turistar som ville sjå Vettisfossen.
|
Tyskarane bygde ny bru over Hæreidselva i 1942. Foto utlånt frå Årdal Sogelag. |
Bru over Hæreidselvi
I 1905 vart det bygd hengebru over Hæreidselvi på Årdalstangen.
Hengjebru over Utla
I 1913 bygde A/S Tyinfaldene den første hengjebrua over Utla i Øvre Årdal. Den avløyste ei primitiv taubane der folk drog seg over med hendene.
|
Ve bru i Øvre Årdal i 1945. |
Ve bru og Farnes bru
I 1937 vart Ve bru i Øvre Årdal bygd som sysselsettingsprosjekt. Stålbrua var den første skikkelege køyrebrua over storelva i Øvre Årdal. Brua var smal og representerte ein kork i trafikksystemet inntil ny bru vart bygd i 1962. Denne vart kalla Farnes Bru.
Veg opp Indre Offerdalen
vart bygd i 1935-1939 som sysselsettingsprosjekt. Opptil 40 mann fekk arbeid på anlegget.
Vegen Årdalstangen-Øvre Årdal vart opna i 1942. Vegarbeidet starta som naudsarbeid i 1934. A/S Tyinfaldene forskotterte, og ytte i 1938 også 100.000 kroner i tilskot til byggjing av vegen.
Vegen Årdalstangen-Seimsdal
vart opna i 1969 som fullverdig køyreveg gjennom Seimsdaltunnelen (1551 meter). Første kravet om veg i Seimsdal vart fremja i 1893, men krangel og usemje gjorde at det skulle gå 75 år før bygda fekk vegutløysing til Tangen. Vegen opp dalen frå Seim til Dalåkre vart bygd i 1957.
Vegen frå Hjelle til Vetti gjennom Utladalen vart opna i 1977. Vegen vart bygd på dugnad, og vert difor kalla "Folkevegen".
Vegen Seimsdal-Ofredal
med 2200 meter tunnel vart opna i 1992. Det vekte lått landet rundt då det viste seg at arbeidslaget midtveges oppdaga at dei hadde drive 28 meter høgre enn tunnelen eigentleg skulle gå. For å rette på fadesen, vart tunnelen den siste halva noko brattare enn planlagt!
Vegen Årdalstangen-Naddvik vart opna i 1982, m.a. med Finsåstunnelen (2412 meter) og Kolnostunnelen (658 meter).