Fylkets første behandlingsinstitusjon for psykisk sjuke vart bygd på Kyrkjebøstranda i 1956. Tronvik var den første opne behandlingsinstitusjonen i landet, og hadde ved starten kapasitet til å ta imot 90 pasientar.
Institusjonen fekk dobla kapasitet ved utviding med to paviljongar i 1962 og 1963, og hadde full kapasitetsutnytting med 180 klientar kring 1970. Men all tung psykiatri vart enno i lang tid send til behandling ved
Sandviken og Betania sjukehus i Bergen. Frå Hordaland fylke vart det difor lagt hardt press på Sogn og Fjordane om å byggje opp si eiga fullverdige psykiatriomsorg. Som ei
mellombels løysing vart Tronvik i 1987-1989 driven som ei underavdeling av Sandviken sjukehus, med overlege utlånt frå Sandviken.
I 1983 vart psykiatrisk poliklinikk på Nordfjordeid opna, og i 1991 sto Nordfjord Psykiatrisenter ferdig. Psykiaktrisk klinikk ved
Førde Sentralsjukehus i Førde vart opna i 1990. For Indre Sogn skal det byggjast psykiatrisenter på Rutlin i Sogndal. Ved den store psykiatrireformen i 1989-1990 vart eit stor tal klientar ved Tronvik utskrivne og overført til verna bustader eller institusjonar i heimkommunen.
I 2001 var det 35 tunge klientar att på Tronvik, som har 98 årsverk.
I 2006 fekk Tronvik ei ny avdeling med 15 langtidsplassar for rusmisbrukarar.