Då landsdelskomiteen for Vestlandet (Vestlands-komiteen) i
1968 gjorde framlegg om ny
Industriby i Askvoll basert på eit nytt, stort aluminiumsverk, var tanken at verket skulle få kraftforsyninga si frå nye kraftverk i Nausta og Gjengedalselva, og frå
Gaularvassdraget. Planen vart ikkje fylgt opp, og Nausta vart mellombels verna i 1993.
Sogn og Fjordane Energi AS har på nytt teke opp spørsmålet om kraftutbygging i Naustdal og Hyen etter reduserte planar.
Første kraftverk i 1910
Den første som bygde ut kraftverk i Nausta var
Henrik Gundersen i Naustdalsfossen i 1910. Han hadde planar om å forsyne sentrum med elektrisk straum, men vart slegen på målstreken av ei interessentgruppe som skipa Naustdal E-verk, og bygde ut kraftverk i Hovefossen i 1916. Kraftverket kom i drift 1918, og leverte straum til dalføret frå Naustdal til Indrekvam. Både kommune og sparebank hadde garantert for 100.000 kroner, og fekk svi då nedgangstidene kom på 1920-talet og folk ikkje kunne betale for det vesle dei leigde i straum. Kommunen gjekk inn i kraftselskapet
L/L Svultingen i 1947, men fekk kraft derfrå først i 1956. Kraftverket i Hovefossen gjekk til 1953, då turbinen havarerte. Kraftlina vestover langs fjorden til Gjøringebø var ferdig i 1959, og dermed hadde alle langs fjorden elektrisk straum.
Lova gratis straum
Men Nausta baud på fleire store fossefall: Ingeniør Vaksdal hadde planlagt kraftverket i Hovefossen. No fekk han kjøpe fallrettane elles i vassdraget, m.a. mot at grunneigarane skulle få gratis kraftleidningar og straum. Vaksdal kjøpte i 1916, men alt i 1917 selde han til skipsreiar
Jacob Kjøde frå Bergen.
Økonomiske vanskar
Tidlegare Vevring kommune gjekk i 1918 med i det interkommunale Ålfot-selskapet, trass i at ordførar
Gjert Andreasson Hegrenæs var ein av dei største skeptikarane til eit kraftselskap som skulle stå for straumforsyninga til Nordfjord og mesteparten av Sunnfjord. Vevring fekk som dei andre eigarkommunane store økonomiske problem då Ålfot-selskapet havarerte (sjå
Ålfotsaka).
|
Kraftverk i Tufteelva. Foto: Oddleiv Apneseth |
Småkraftverk
Elles vart det bygd ei mengd småkraftverk som forsynte eitt eller fleire gardstun: Kringla (1923), Andal (1925), Gamlestøl/Trodøla (1926), Løtuft (1926), Herstad–Uragrova og Alielva (1927), Bruflot (1930), Birkeland (1930), Hamra (1930), Ekra (1936), Birkeland, Stølselva (1939), Naustdalslid (1940), Einevoll(1947), Helle (1950), Teigen (1950), Vona (1950), Styggelifossen (1951), Slettehaug (1954), Øvrebø (1954), Sørbø (1955).