|
Tingneset. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
På Tingneset i Vevring står eit herskapeleg, to-etasjes hus med halvvalma tak midt i ei klyngje av eldre bygningar. Huset er frå 1790, men vart utvida og ombygd i 1858. På Tingneset var det nemleg frå 1600-talet skysstasjon, og frå tidleg 1700-talet også gjestgiveri.
Anders Nilsson Feios, som fekk gjestgjevarløyvet i 1743, fekk også drive ein liten landhandel, sjølv om han ikkje hadde såkalla borgarbrev for handelsverksemd.
Skysskaffaren på Tingneset var plikta til å stille rorskarar for skyssing av prest, fut og andre embetsfolk til næraste skysstasjon. Austover var det til Naustdal og Førde, og vestover til Hellevik ved Stavang eller Sauesund på Atløy.
Tidleg på 1800-talet var det
Lars Jakobsson Thingnæsset som eigde bruket. Han var stortingsmann i to periodar frå 1815. Deretter var det haugianarane som rådde grunnen på Tingneset. Emissæren Erik Olsson Gjellaker (1780–1861) frå Ål i Hallingdal var den første, og då Fylkesbaatane starta rutene sine i 1858, vart han dampskipsekspeditør. Han tok ”Thingnes” som familienamn. Sonen Ola Tingnes (1829–1896) fekk også postopneriet i bygda. Begge var sentrale personar i det sterke haugianar-miljøet i Vevring på 1800-talet. Som vanleg var i haugianarflokken, var eigarane på Tingneset driftige folk, som m.a. bygde ei eiga reiparbane for tauproduksjon på garden.
Då Vevring kommune vart skipa i 1837, var det naturleg å halde møta i dei romslege husa på Tingneset. Her vart også det siste kommunestyremøtet halde før kommunen vart oppløyst i 1964 (sjå
Kommunehistorikken i Naustdal).
Jakob Olsson Tingnes (1869–1948) gjekk også i brodden for skiping av ei av dei første politiske foreningane i fylket i 1870 – ”Vevring Bondevenforening”. Bondevenene var støtteflokken til stortingsmann Søren Jaabæk.
I 1900 gjekk Johannes Tingnes i spissen for byggjing av det første meieriet i Vevring, seinare med avdelingar på Kvellestad og i Steindalen. Meieriet var i drift til 1920.
Handelsverksemda vart ført vidare av slekta Førland, som ved inngifte var knytt til folket på Tingneset. Anders Førland kom frå Tysvær i Rogaland, og var jekteskipper. Førland-folket flytta butikken til bukta vest for Tingneset. Der vart det også bygd dampskipskai, og der var postopneri. Soneson til Anders, Torleiv Førland, dreiv butikken på 1970-talet då den var ”pilot-butikk” for den sterke satsinga i Noreg for å berge nærbutikkane (sjå vidare om butikken under
Vevring Landhandel).