Det var eigaren og grunnleggjaren av Ankerløkken, Hamarmannen
Ole E. Aaserud, som sjølv tok initiativet til bygging av Førde-verftet. I 1949 hadde han etablert mekanisk verkstad og seinare
Ankerløkken Verft i Florø. Der var det eit tid otte for at Aaserud ville satse mest på utvikling i Førde. Slik vart det ikkje, for Ankerløkken bygde etter ei tid stort ut også i Florø. Verftet i Førde bygde både heile skip og forskip, som etter sjøsetting vart sveisa saman med akterskipet, bygd ved avdelinga i Florø. På det meste hadde Førdeverftet i denne tida 400 tilsette.
Konkurs i 1985
I 1979 kom Ankerløkken-konsernet i store økonomiske vanskar, og regjeringa Odvar Nordli gjekk inn med ein økonomisk redningspakke. Det heldt ei kort tid, men i 1985 vart konsernet slått konkurs, og produksjonen ved verfta stogga. Grunnleggjaren Ole Aaserud vart tvinga ut av leiinga, og tidlegare general Gunnar Giljarhus vart engasjert som ”ryddegut”.
Etter konkursen gjekk Sunnfjord-verfta inn i ei uroleg tid med fleire eigarskifte. Brørne Tore og Bjørn Kjos frå Oslo var ei tid inne og freista å ”slakte” konsernet, men mislukkast. Det stabiliserte seg då eit ingeniørselskap med utgangpunkt i Bismo i Gudbrandsdalen kom inn som eigarar. Denne gruppa engasjerte seg først og fremst i Florø.
Førde-verftet stod på det næraste folketomt i lang tid. Nokre få tilsette med Kjell Foss som dagleg leiar skipa Førde Maritime Industri, som dreiv delproduksjon i mindre målestokk i verkstadhallane. Den mest suksessrike ”avleggjaren” av Ankerløkken Førde i denne tida var designselskapet
Multi Maritime AS.
Nye eigarar
I 1989 kjøpte verftseigar John Kleven frå Ulsteinvik dei to skipsverfta i Sunnfjord. Han hadde nokre år tidlegare kjøpt seg inn i det konkursråka Løland verft i Leirvik. (Sjå
Hjørnesteinsverksemda Løland Verft.) Etter kort tid selde Kleven verfta til Kværner-konsernet i 1991, som samordna dei to Sunnfjord-verfta under leiinga i Florø. Til no hadde dei to verfta vore to sjølvstendige selskap. No vart Førde-verftet heitande Kværner Florø – avdeling Førde. Etter ein sterk vekstperiode kom Kværner i store økonomiske vanskar på slutten av 1990-talet. Konsernsjef Erik Tønseth vart kasta, og Kjell Almskog tok over som ”ryddegut”. Han selde unna mange skipsverft i 1999, mellom desse verfta i Florø og Førde. Kjøpar var Kleven-gruppa i Ulsteinvik.
Lagt ned i 2003
På slutten heitte Førde-verftet Kleven Florø AS, avdeling Førde, og hadde i 2001 170 tilsette. Våren 2003 vart verftet i Førde lagt ned, og mange av dei tilsette vart flytta til Florø. Men i slutten av 2003 var det også slutt i Florø, og dei fleste verftsarbeidarane vart sagt opp.
Investorgruppe kjøper verftstomta
I 2005 kjøpte den Førde-baserte investorgruppa Ankerløkken Eigedom AS den 86 dekar store verftstomta med bygningar for 21 millionar kroner frå Kleven Florø AS. Kleven har i 2005 gjort avtale om å leige tilbake skipsverftet for skipsbygging i minst to år. Kleven har i 2005 gjort avtale om å leige tilbake skipsverftet for skipsbygging i minst to år etter at verftet sikra seg kontraktar for 1,7 milliardar kroner på bygging av fleire kjemikalietankskip.
Røkke overtek Kleven Florø
I juni 2006 var det klart for eit nytt eigarskifte for Kleven Florø som fekk verknad for aktiviteten ved verftet i Førde: Då overtok Akers Yards med hovudaksjonær Kjell Inge Røkke dei to selskapa Kleven Florø og Kleven Design for 60 millionar kroner.