SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Aviser og media i Førde

Nordre Bergenhus Amtstidende

vart starta og gjeve ut i Florø, men i åra 1886- 1891 vart avisa gjeven ut i Førde. Grunnen var at Amtsskulen heldt til i bygda i desse åra, og styraren der, E.M.Hole, var samstundes redaktør i Nordre Bergenhus Amtstidende. Boktrykkjar Sefland ved kyrkja på Skei trykte avisa i denne tida. Seinare vart avisa flytta tilbake til Florø.

Publisert 03.09.2001 17:58. Oppdatert 13.04.2007 11:53.

Firda

Firda er den største avisa i Sogn og Fjordane, og kjem ut med 6 nummer i veka. Avisa er den største nynorskavisa i landet.

Tinglysingstidende

vart gjeve ut av Olai Nordeide (sjå Firda) som eige blad for Vestlandet frå ca. 1925 til 1939. Då han gjekk frå redaktørstolen i Firda p.g.a. nazistane i 1942, tok han opp att utgjevinga av Tinglysingstidende ei kort tid, men måtte innstille p.g.a. papirmangel.

Sunnfjord Tidend

vart starta i Førde i 1933, men gjekk inn i 1935.
Tor Grønevik

Avisa ”Hjallarhorn”

vart skipa 1935 av Tor Grønevik, og vart i 1938 organ for Arbeidarpartiet, men vart innstilt før krigsutbrotet i 1940.

Bergens Tidende

opna avdelingskontor i Førde 1965, frå 1970 med Gerdfinn Eithun som journalist. På 1990-talet vart kontoret utvida med journalistane Per Marifjæren, Terje Ulvedal og fotograf Oddleiv Apneseth.

NRK Sogn og Fjordane

Offisielt opna i nybygde lokale i Førde sentrum i 1979. Frå starten kunne kontoret tilby daglege sendingar frå måndag-fredag på radio. Driv i 2003 med radio, fjernsyn og internett.

Bergens Arbeiderblad

hadde avdelingskontor i Førde 1977–1981 med Sigurd Løset som journalist.

Firdaposten

hadde avdelingskontor i Førde 1977–1996. Journalistar har vore Anne Marie Astad, Johs. Apold, Sigurd Løset, Sølve Stang, Jan Atle Stang, Arne Schei, Gunnhild Sindre, Grethe Eithun.

Avisa ”Dagen”

hadde ein kort periode sist på 1970-talet avdelingskontor i Førde, med Marit Idsøe som journalist.

Førde Nærradio

starta sendingar 1985 og avslutta med konkurs i 1995. Det meste av tida var Magnor Hornnes redaktør.

Samfunn og Næring i Sogn og Fjordane

var eit tidsskrift som vart gjeve ut frå 1986 til 1988 av Vest Media AS, Førde. Redaktør var Ingemar Nordstrand, som i 1987 tok initiativet til ein årsviss næringslivskonferanse og skiping av "Profilprisen" for næringslivet i fylket.

TV 2

hadde i perioden 1993-1996 eigen korrespondent for Sogn og Fjordane stasjonert i Førde. Journalist var Rolf Sanne-Gundersen.

Gratisavisa ”Sentrum”

vart grunnlagt 1990 av Reidar Indrebø i reklamebyrået Trendsetter. Redaktørar har vore Finn Ove Njøsen, Tormod Flatabø og Ola Nesje.

Gratisavisa ”Førdeavisa”

starta i 1999 av Ola Jakob Huus og Arne Gjesdal. Gjekk inn etter få nummer.

Internett-selskapet ”Sofie.no”

vart starta i år 2000 av Arne Eithun og Ståle Almenning. Gjekk konkurs og innstillte drifta våren 2001.

Gratisavisa "Fylkesmagasinet"

vart starta i 2001 av Media Bergen, A til Å Reklamebyrå, Ole Jonny Klopstad og Tore Fossen, med den sistnemnde som redaktør.

MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no