Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 7. august

• Trump forbyr TikTok og WeChat
• Canadiar dømd til døden i Kina
• Rajapaksa-siger på Sri Lanka

President Donald Trump og logoen til TikTok

PÅSTÅTT TRYGGLEIKSTRUSSEL: TikTok er eit sosialt nettverk der brukarane kan dele korte videoar. No seier president Donald Trump at den er ein trussel mot USA.

Foto: JIM WATSON] [LIONEL BONAVENTURE / AFP / NTB Scanpix

Trump forbyr handel med TikTok og WeChat

Donald Trump skrive under på to presidentordrar som forbyr dei to populære kinesiske mobilappane TikTok og WeChat i USA etter 21. september. Dermed må forhandlingane med Microsoft om eit mogeleg kjøp verte sluttført innan den datoen.

Trump seier at TikTok og WeChat er truslar mot USA, fordi det kinesiske kommunistpartiet kan bruke dei til å samle inn personleg informasjon om amerikanske borgarar, og til å spreie falsk informasjon som kan gagne Kina.

Kina har avvist kritikken, og seier den dei er utsett for mobbing seg mobbing. dei har forsikra at dei ikkje bruker appane til spionasje, slik dei og har vore kritisert for.

Canadiar dømd til døden i Kina

Den canadisk statsborgaren Xu Weihong er dømd til døden i Kina for narkotikaproduksjon, melder AFP. Xu skal ha kjøpt utstyr for å produsere ketamin, og 120 kilo er inndratt, ifølgje den kinesiske partiavisa Global Times.

Det er venta at dødsdommen vil auke spenninga mellom Canada og Kina, eit forhold som allereie er på brestepunktet etter at Canada arresterte Huawei-toppen Meng Wanzhou i 2018 på oppfordring av USA.

Rajapaksa-siger på Sri Lanka-val

I valet på Sri Lanka har partiet til statsminister Mahindra Rajapaksa sikra seg 128 av 196 seter i nasjonalforsamlinga.

Saman med veslebroren, president Gotabaya Rajapaksa, utgjør brørne ein maktbase i øyriket.

Mahindra Rajapaksa stemmer i parlamenstvalget på Sri Lanka 5. august 2020

Mahindra Rajapaksa leverer sin stemme i parlamentsvalet på Sri Lanka.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no