Semje på Stortinget om ny milliardpakke
Ved totida i natt skal regjeringa og opposisjonspartia Sp, Frp, Ap og SV ha blitt einige om nye tiltak for å redde norsk øknomi. Etter det NRK forstår ligg det an til 5–7 milliardar i ekstraløyvingar. TV 2 melder at kommunane får 5 milliardar i ekstraløyvingar.
Etter lange diskusjonar i finanskomiteen rundt detaljane i støtteopplegget, skal partia ha blitt einige om hovudtrekka.
Krisepakka skal vedtakast i Stortinget allereie tysdag føremidddag.
Bolsonaro-videoar fjerna frå nettet
To videoar blei i natt sletta frå kontoane til Brasils president Jair Bolsonaro på Facebook, Instagram og Twitter.
Grunnen skal vere at innhaldet strir mot helseinformasjon frå styresmaktene og utset folk for auka smitterisiko.
Han blir klaga for å drive med desinformasjon som kan sette liv og helse til borgarane i fare.
Fleire brannar i natt
Ein mann redda seg ut frå ein toetasjars einebustad i Nesveien i Andebu i Sandefjord kommune like før midnatt. Huset var heilt overtent, melder Sør-aust politidistrikt.
Også i Kongsvinger brann det i natt. Der redda to bebuarar seg ut då det braut ut brann i ein einebustad i Hokkåsen nord for Kongsvinger. Brannen skal ha starta i pipa, trur politiet i Innlandet.
I Bergen brann det i ei leiligheit på Breistein nordvest for sentrum, men det var ikkje folk heime, opplyser Vest politidistrikt.