Hopp til innhold

Semje på Stortinget om krisepakke nummer 3

Regjeringa og opposisjonen er samde om ei ny krisepakke, som skal sikre at kommunane får milliardar i ekstraløyvingar.

Etter lange diskusjonar rundt detaljane i støtteopplegget, skal partane ha blitt einige ved 2-tida natt til tysdag, får NRK bekrefta.

Tidlegare måndag kveld har både NRK, TV 2 og VG omtalt dei utsette forhandlingane om den 3. krisepakka til regjeringa. Usemja var knytt til spørsmål om redusert momssats, og kor forpliktande lovnadene om dei auka løyvingane skulle vere.

Klokka 22 måndag kveld samla alle partia seg i lagtingssalen på Stortinget seg, fleire timar etter det opphavlege møtetidspunktet.

Milliardar til kommunane, studentar og klima

Etter det NRK erfarte såg det ved 23-tida ut til at norske kommunar og fylke får ekstraløyvingar på 5–7 milliardar kroner for å dempe verknaden av koronakrisa.

Ifølgje ei skisse som TV 2 opplyser at dei har sett, blir det 5 milliardar kroner meir til kommunane. NRK får også bekrefta dette i morgontimane tysdag.

Ikkje heilt samde om kontantstøtteordninga

Partia har òg forhandla om velferdsordningar, som dagpengar og støtteordningar for studentane, men utan å komme heilt i mål.

Stortingets finanskomite møte si lagtingssalen. Bildet er fra møtet 19. mars da den første krisepakken var til behandling.

KRISEPAKKE-MØTE: Stortingets finanskomité møtest i lagtingssalen. Bildet er frå møtet 19. mars då den første krisepakken var til behandling.

Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix

Når den 3. krisepakka blir behandla i Stortinget tysdag, vil ikkje alle detaljar i innretninga på kontantstøtteordninga vere klar, etter det NRK erfarer. Stortinget lèt truleg regjeringa utarbeide detaljane med LO, NHO og Virke før den får endeleg form.

Litt over midnatt var det fortsatt spenning knytta til den endelege løysinga for studentar, og kor mykje momsen midlertidig vil bli satt ned.

Tysdag klokka 10 blir krisepakka behandla i Stortinget.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger