Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 27. august

  • To bekrefta drepne i Jacksonville
  • Paven taus om overgrepspåstandar
  • Ny remis for Carlsen
Dette skjedde natt til 27. august
Foto: WILL DICKEY/AP, PATRICK HUERLIMANN/AP OG BEN STANSALL/AFP

To bekrefta drepne i Jacksonville

Klokka 01.30 i natt bekrefta politiet i Jacksonville i Florida at to personar vart drepne under ei masseskyting. Den mistenkte gjerningsmannen mista også livet.

Dessutan vart 11 personar skada. Ni av dei som følgje av skotskadar, dei to siste skada seg då dei flykta frå staden.

Masseskytinga fann stad under ei turnering i e-sport, der også gjerningsmannen var deltakar.

Los Angeles Times viser til ein annan deltakar i turneringa, Steven Javaruski, som fortel at gjerningsmannen skal ha starta å skyte etter å ha tapt eit spel. Desse opplysningane har ikkje politiet bekrefta. Dei veit så langt ingenting om motivet.

Politiet fekk først melding om skytinga klokka 19.34 norsk tid.

Den mistenkte gjerningsmannen er ein 24 år gammal mann frå Baltimore i Maryland.

Mall Shooting Florida

MØTTE PRESSA: Sheriff i Jacksonville Mike Williams orienterte pressa både klokka 22.30 og 01.30 norsk tid. Etter fleire timar med spekulasjonar kunne han til slutt orientere om at den mistenkte gjerningsmannen hadde drepe to personar.

Foto: Will Dickey / AP

Paven taus om overgrepspåstandar

Pave Frans blir skulda for å ha visst om overgrep gjort av den tidlegare kardinalen Theodore McCarrick. Det vil paven verken bekrefte eller avkrefte.

Paven kommenterte påstandane på flyet på veg tilbake frå Irland seint søndag kveld.

I sommar vart 88 år gamle McCarrick den første kardinal i moderne tid som gjekk av då paven godtok avskilssøknaden hans.

McCarrick søkte avskil fordi ei amerikansk gransking slo fast at ein påstand om at kardinalen skal ha forgripe seg seksuelt på ein 16-åring var truverdig.

Saka fekk ei ny vending då den tidlegare erkebiskopen Carlo Maria Vigano i eit brev fortalde at han orienterte pave Frans om skuldingane mot kardinalen berre få månader etter at Frans vart innsett i 2013.

Vigano ber derfor pave Frans om å gå av.

Det var derfor knytt stor spenning til kva pave Frans skulle seie om brevet då han møtte media søndag kveld.

Men under pressekonferansen ville altså ikkje paven seier noko om det.

Paven i Irland

I IRLAND: Pave Frans var i Irland på eit todagars besøk i helga. Her frå søndagens messe.

Foto: Ben Stansall / AFP

Ny remis for Carlsen

Magnus Carlsen spelte sin sjuande remis på rad i Sinquefield Cup då han møtte kasakhstanske Shakhriyar Mamedyarov. Carlsen spelte med svarte brikker.

Fabiano Caruana leiar turneringa eit halvt poeng framfor Magnus Carlsen og tre andre.

Det er éin runde igjen av Sinquefield Cup i USA. Då skal Carlsen opp mot Hikaru Nakamura. Nordmannen spelar med kvite brikker og kan framleis vinne turneringa.

For eitt døgn sidan kunne Magnus Carlsen tatt eit langt steg mot turneringssigeren då han fekk ei god opning på oppgjeret mot VM-motstandar Fabiano Caruana.

Carlsen valde då å gjere hysj-teiknet – ifølgje han sjølv for å ha det litt moro.

Også den kampen enda til slutt med remis, men Carlsen kunne glede seg over at han framleis leia verdsrankinga.

Magnus Carlsen

HYSJ: Magnus Carlsen ville ha det litt moro då han viste hysj-teiknet, forklarte han i etterkant.

Foto: Screenshot, Chess24.com

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no