Hopp til innhold

Paven taus om overgrepspåstandar

Pave Frans blir skulda for å ha visst om overgrep gjort av den tidlegare kardinalen Theodore McCarrick. Det vil paven verken bekrefte eller avkrefte.

Paven i Irland

I IRLAND: Pave Frans var i Irland på eit todagars besøk i helga. Her frå søndagens messe.

Foto: Ben Stansall / AFP

I sommar vart 88 år gamle McCarrick den første kardinalen i moderne tid som gjekk av då paven godtok avskilssøknaden hans.

McCarrick søkte avskil fordi ei amerikansk gransking slo fast at ein påstand om at kardinalen skal ha forgripe seg seksuelt på ein 16-åring var truverdig. Det skjedde trass i at McCarrick ikkje kunne hugse å ha gjort nokon overgrep.

I etterkant har fleire stått fram og sagt at dei har blitt misbrukte av Theodore McCarrick.

Saka fekk ei ny vending då den tidlegare erkebiskopen Carlo Maria Vigano i eit brev fortalde at han orienterte pave Frans om skuldingane mot kardinalen berre få månader etter at Frans vart innsett i 2013.

Vigano ber derfor pave Frans om å gå av.

POPE-IRELAND/

PRESSEKONFERANSE: Pave Frans snakka med media på flyet på veg heim frå Irland søndag kveld.

Foto: POOL / Reuters

Ville ikkje kommentere

Det var derfor knytt stor spenning til kva pave Frans skulle seie om brevet då han møtte media søndag kveld.

Men under pressekonferansen – som vart halden på flyturen på veg frå Irland seint søndag kveld – kunne paven verken bekrefte eller avkrefte at han var klar over overgrepsskuldingane.

I staden sa han at brevet frå Vigano kunne lesast som eit «homofobisk manifest» og eit angrep på pave Frans og hans allierte. Brevet «snakka for seg» og det var ikkje grunn til å kommentere det.

Frans meiner at journalistane sjølv klarer å gjere seg opp ei meining.

Det høver med å nemne at Carlo Maria Vigano ikkje har bevist at paven visste om overgrepspåstandane.

Carlo Maria Vigano

KRITISK TIL PAVEN: Carlo Maria Vigano (til venstre), har fleire gonger uttala seg kritisk om paven – som han meiner er for reformvennleg. Her er Vigano saman med paven under eit arrangement i 2015.

Foto: Vincenzo Pinto / AFP

Homokritiske haldningar

Grunnen til at paven kallar brevet eit homofobisk manifest er at Vigano brukar mange av dei 11 sidene i brevet på lite hyggjelege vurderingar av homofile. Vigano er kjent for sine homofiendtlege haldningar og har også tidlegare kritisert den reformvennlege paven.

Vigano var stasjonert i Washington fram til 2016.

Ifølgje Vigano skal også ei rekkje andre kardinalar og erkebiskopar ha visst om åtferda til Theodore Carrick.

Bad om unnskyldning

Pave Frans bad under besøket sitt i Irland i helga endå ein gong om unnskyldning for prestars overgrep mot born – på generelt grunnlag.

– Vi ber om tilgiving for personane som hadde ansvaret innanfor kyrkja som ikkje tok grep mot denne typen overgrep, sa paven.

Laurdag møtte paven åtte overlevande offer for seksuelle overgrep.

Pave Frans i Irland

UNNSKYLD: Pave Frans har fleire gonger, også under sitt besøk i Irland i helga, bede om unnskyldning for overgrep mot born gjort av prestar.

Foto: Gregorio Borgia / AP

SISTE NYTT

Siste nytt