– Eg gjorde det for å ha litt moro. Starten på kampen var jo lovande, sa Carlsen sjølv til Chess24.com si TV-sending etter kampen.
Var sikker på siger
Oppgjeret med Caruana enda til slutt med remis. Det altså trass i den lovande opninga til Carlsen.
– Tidleg i kampen var eg heilt sikker på å vinne. Men så bomma eg på eit trekk. Eg vart nervøs og gjorde fleire feil, forklarer den 27 år gamle verdsmeisteren.
– Inga krise
Han synest det til slutt ikkje var så ille å spele remis mot italiensk-amerikanske Fabiano Caruana, som han møter til VM-duell i november.
– Det var inga krise med remis. Men eg følte at eg rota vekk sjansen til å vinne kampen, seier nordmannen.
Framleis på topp
Det er nok til å forstå at Magnus Carlsen la lista på remis denne gongen. For det var stor forskjell på remis og tap.
Hadde Caruana vunne hadde han også tatt frå Carlsen førsteplassen på verdsrankinga.
Carlsen har vore verdseinar dei siste sju åra.
I Sinquefield Cup leiar Fabiano Caruana med fire og eit halvt poeng etter sju rundar. Magnus Carlsen er ein av fire spelarar med fire poeng.