Blinken aktuell som utanriksminister
USA sin neste president Joe Biden vil ha Tony Blinken som utanriksminister, skriv Bloomberg og New York Times. Blinken var i to år viseutanriksminister i Obama-regjeringa, og har lenge jobba med Biden.
Jake Sullivan som var tryggleiksrådgivar under Obama, vert nemnd som ny nasjonal tryggingsrådgivar.
Påtroppande stabssjef for Det kvite huset, Ron Klain, seier at Biden vil offentleggjere kven som vert dei første ministrane i regjeringa si på tysdag.
Tyskland og Storbritannia med vaksinestart i desember
Koronavaksina til Pfizer kan få godkjenning i Storbritannia allereie kommande veke, skriv avisa The Telegraph. Det britiske helsevesenet NHS er beden om å førebu seg på vaksinering frå 1. desember.
Tyskland håper å kunne ta til med vaksinering mot koronaviruset før nyttår, seier helseminister Jens Spahn. Det er grunn til optimisme for at ei vaksine kan verte godkjend i Europa i år, sa Spahn i eit intervju med RedaktionsNetzwerk Deutschland.
USA varsla søndag at vaksinering der kan begynne 11. desember.
Hongkong-aktivistar innrømmer skuld
Demokratiforkjemparen Joshua Wong seier at han og to andre aktivistar erkjenner straffskuld for å ha deltatt i ein demonstrasjon mot politiet i fjor.
Wong møtte i retten måndag saman med to andre profilerte aktivistar – Ivan Lam og Agnes Chow.
Dei tre var leiarfigurer då den tidlegare britiske kronkolonien i fjor var prega av store protestar mot Kina si makt over byen og den nye tryggingslova som innskrenkar borgaranes sine rettar. Både Kina og lokale styresmakter har avvist krava om frie val.