Tony Blinken aktuell som ny utanriksminister i USA

Påtroppande president Joe Biden vil ha Tony Blinken som sin toppdiplomat, melder fleire amerikanske aviser.

Joe Biden og Tony Blinken

Joe Biden og Tony Blinken fotograferte saman i 2013 då dei to var visepresident og viseutanriksminister i Obama sin regjering. Til høgre for dei, står Susan Rice og John Kerry.

Foto: Jonathan Ernst / Reuters/NTB

Både Bloomberg og The New York Times seier at Blinken (58) er Joe Biden sitt val. Dei to har jobba saman i fleire tiår. Jobben som utanriksminister er rekna som den mest prestisjetunge i regjeringa.

Blinken (Anthony J. Blinken) var i to år frå 2015 til 2017 viseutanriksminister i Obama-regjeringa.

Han jobba òg som assisterande nasjonal tryggingsrådgivar frå 2013 til 2015. Blinken har sida tidleg på 1990-talet jobba med tema som nasjonal tryggleik og utanrikspolitikk i Det kvite huset under fleire demokratiske presidentar.

Tony Blinken

Tony Blinken

Foto: US State Department

Han engasjerte seg allereie på 80-talet i valkampen for demokraten Michael Dukakis som tapte for George H.W. Bush i 1988.

Blinken utdanna jurist frå Columbia Law School.

Jake Sullivan

Jake Sullivan, som var tryggingsrådgivar for visepresident Joe Biden under Obama-regjeringa, vil ifølgje folk tett på prosessen bli utnemnd som USAs nye nasjonale tryggingsrådgivar. Sullivan var og seniorrådgivar for Hillary Clinton.

Jake Sullivan

Jake Sullivan

Foto: The White House

Sullivan (Jacob J. Sullivan) er 43 år gamal og utdanna jurist frå Yale.

Presidenten sin tryggingsrådgivar har stor påverknad og leiar ein stor stab av rådgivarar i Det kvite huset. Dei medverkar i utviklinga av landet sin utanriks- og militærpolitikk.

Ein kunngjering om utnemningane er venta tysdag.

Påtroppande stabssjef for Det kvite huset, Ron Klain, seier at Biden vil offentleggjere kven som vert dei første ministrane i regjeringa si på tysdag.

Kan unngå problem

Om Biden nominerer Blinken, kan han unngå potensielle problem med å få kandidaten godkjent i Senatet. Dei to andre som skal vere høgt på lista hans, er Susan Rice og Delaware-senator Chris Coons.

Rice ville kunne møtt stor motstand frå Republikanarane, og ville truleg ikkje ha vore godkjend. Om Coons skulle forlate Senatet, ville det skjedd mens fleire andre demokratiske senatorar vert vurderte for jobbar i Biden-administrasjonen. Det kunne svekka den demokratiske gruppa i Senatet.

Demokratane forsøker samstundes å vinne tilbake kontrollen over Senatet og dermed heile Kongressen, men er avhengige av å vinne to omval i Georgia i januar for å få det til.

Alt om presidentvalget i USA

SISTE NYTT

Siste nytt