Hopp til innhold

Dei over 80 år kan få 4. vaksinedose

Det blir no opna for at dei over 80 år kan ta ein ny oppfriskingsdose med koronavaksine. Det melder Folkehelseinstituttet.

– Folkehelseinstituttets vurdering er at vi opnar opp for at personar 80 år og eldre som sjølv ønsker det, kan få tilbod om ein ekstra dose, altså fjerde dose, seier assisterande direktør i FHI Geir Bukholm.

FHI seier dei ikkje ser grunnlag for å gi ein generell anbefaling om fjerde dose, men meiner det kan vurderast av den enkelte.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no