Hopp til innhold

Danmark hevdar Russland krenka deira farvatn

Dansk forsvar hevdar eit russisk krigsskip har krenka Danmark sine farvatn i Austersjøen.

Ein russisk korvett har krenka danske farvatn nord for Christiansø utanfor Bornholm klokka halv tre i natt. Nokre timar seinare skal det same skipet ha kryssa det same området. Det skriv det danske forsvaret i ei pressemelding, ifølge dansk TV 2.

Det skjer samtidig som danske styresmakter er samla på øya Bornholm i samband med ein større politisk festival. Den danske utanriksministeren Jeppe Kofod kallar det ein fullstendig uakseptabel russisk provokasjon.

– Bøllemetodar verkar ikkje mot Danmark, skriv han på Twitter.

Den russiske ambassadøren i Danmark er kalla inn til det danske utanriksdepartementet, legg han til.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no