Biden: – Nasjonsbygging ikkje målet
– Vårt oppdrag i Afghanistan var aldri å bygge ein nasjon eller eit demokrati. Vårt einaste mål i Afghanistan var å hindre eit terroriståtak mot USA.
Det sa USAs president Joe Biden under ei orientering om Afghanistan-situasjonen i kveld. Han står fast på at det var riktig avgjerd å trekke USA ut av landet.
– Det klare målet var å ta dei som angreip oss i 11. september 2001, og sikre at Al Qaida ikkje kunne bruke Afghanistan som base, sa Biden.