Hopp til innhold

Biden: – Målet var aldri å bygge ein nasjon

USAs president Joe Biden står fast på at det var riktig avgjerd å trekke amerikanske soldatar ut av Afghanistan.

Biden US Afghanistan

Joe Biden seier utviklinga i Afghanistan skjedde fortare enn venta.

Foto: Evan Vucci / AP

– Vårt oppdrag i Afghanistan var aldri å bygge ein nasjon eller eit demokrati. Vårt einaste mål i Afghanistan var å hindre eit terroristangrep mot USA.

Det sa USAs president Joe Biden under ei orientering om Afghanistan-situasjonen. Han meiner det var riktig avgjerd å trekke USA ut av landet, til trass for at det har blitt ein svært uroleg situasjon i landet etter at Taliban tok over makta.

Biden sa han ville minne om kva som var USA interesser i Afghanistan.

– Det klare målet var å ta dei som angreip oss i 11. september 2001, og sikre at Al Qaida ikkje kunne bruke Afghanistan som base, sa Biden, og la til at det er ti år sidan Al Qaida-leiaren Bin Laden blei drepen.

President Joe Biden

Joe Biden kallar bilda frå Afghanistan dei siste døgna for «smertefulle».

Foto: LEAH MILLIS / Reuters

– Afghanske soldatar er ikkje villige til å kjempe

Biden meiner terrortrusselen i dag er utvida til å gjelde fleire land enn berre Afghanistan, og at det ikkje hadde gitt meining å bli igjen endå lenger.

– Amerikanske soldatar kan ikkje og burde ikkje slost eller døy i ein krig som afghanske soldatar ikkje er villig til å kjempe, sa Biden, som legg til at dei brukte over ein billion dollar på Afghanistan over 20 år.

Samtidig skuldar han den politiske leiinga i Afghanistan for å gi opp.

– Vi gav dei alle sjansar til å bestemme si eiga framtid, men vi kunne ikkje sørge for viljen til å kjempe for framtida, sa Biden.

Afghanistan

I eit desperat forsøk på å komme seg ut av Afghanistan klamra folk seg til eit fly som var i ferd med å forlate Kabul.

Foto: AP

– Det er ingen garanti for at eitt, fem eller tjue år til med amerikanske soldatar på bakken ville gjort ein forskjell, la han til.

Stod mellom å følge avtale eller kjempe Taliban

I tillegg meiner han det tryggaste var å følge ordenen som tidlegare president Donald Trump signerte med Taliban.

Avtala var at troppane skulle vere ute av landet innan 1. mai 2021, berre tre månadar etter at Biden blei president.

– Taliban var på sitt sterkaste sidan 2001. Valet eg måtte ta som president var anten å følge opp den avtalen eller å vere førebudd på å kjempe mot Taliban. Det var ingen avtale om våpenkvile etter 1. mai, sa presidenten.

Tenker på etterlatne

Biden kallar bilda frå Afghanistan dei siste døgna for «smertefulle». Han tenker spesielt på dei som har mista sine kjære i kampane.

APTOPIX Biden US Afghanistan

Biden meiner den politiske leiinga i Afghanistan har svikta folket.

Foto: Evan Vucci / AP

– Scenene vi ser i Afghanistan er skremmande, spesielt for våre veteranar, våre diplomatar, humanitære arbeidarar, for dei som har brukt tid på bakken for å støtte det afghanske folket.

Biden slo derimot fast at USA vil handle raskt i Afghanistan viss det er naudsynt for å hindre terrorhandlingar. Han seier dei følger nøye med på situasjonen i landet.

Støre: – Ikkje overraska

Statsminister Erna Solberg (H) er einig i at bakgrunnen for å gå inn i Afghanistan var å hindre terror, men at det målet etter kvart endra seg.

– Når ein først har gått inn, så blir det ein anna prosjekt. Det var eit mandat frå FNs sikkerheitsråd og det var eit ønske frå ei valt regjering etter kvart, å bidra til å bygge opp forsvar og gi moglegheita til å stabilisere landet framover, seier Solberg til NRK.

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre seier han ikkje er overraska over utsegna til Biden.

– Joe Biden har vore ein av USAs største kritikarar mot dette. Under heile Obama-perioden, der han var visepresident, var han imot og ville ha ein raskare uttrekking.

Støre meiner det må vere sjokkerande for Biden å sjå den raske utviklinga i Afghanistan.

– Eg meiner amerikanarane gjorde feil i måten dei gjekk ut på. Det skjedde under Trump-administrasjonen, Biden godkjente det, og då kollapsa det. Det var ingen berekraftig stat, og det kollapsa.

Solberg trur ikkje dette vil føre til ein flyktningstraum til Noreg dei neste åra.

– Så er spørsmålet kor mange krigshandlingar det vil bli i Afghanistan no. Det kan jo godt vere at i ein del område blir det rolegare no på den militære sida, men vanskelegare for alle dei som ønska seg demokrati, likestilling og eit friare land. Då blir det heller ikkje så mange flyktningar, seier statsministeren.

SISTE NYTT

Siste nytt